Invitasjon til nabomøte om industriutvikling og kraft
Industriutvikling og kraft blir tema når Årdal Energi og Hydro inviterer til nabomøte.
Årdal Energi og Hydro inviterer heile bygda til nabomøte i Årdal kulturhus 17. september kl. 18:00.
– Årdal Energi og Hydro ønskjer å informere om industriplanar og diskutere moglegheiter for utvikling av fornybar energi i vår region, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Energi Holding.
Ønskjer tett dialog
– Dette blir mitt første nabomøte som fabrikksjef, og eg gler meg til å møte årdølene, høyre kva folk er opptekne av og korleis me kan få til dialog som bidreg med løysingar til det beste for lokalsamfunnet vårt. Hydro har dei siste åra investert store summar for framtidas aluminiumsproduksjon i Noreg og i Årdal. No ser me at å ha nok kraft til konkurransedyktige prisar kan bli ei utfordring om få år. Me må bruke energien vår på ein meir effektiv måte, me skal oppgradere vasskrafta, men me må også utvikle meir fornybar energi for å sikre industrien i Årdal. Arbeidet med eventuelt nye prosjekt skal skje i tett dialog med lokalmiljøa gjennom gode prosessar og lokal medverknad. Difor inviterer me no til ope nabomøte, seier fabrikksjef Anveig Halkjelsvik i Hydro Årdal.
Årdal kommune har lange tradisjonar og ei stolt industrihistorie å sjå tilbake på. I 2022 feira Hydro at det var 75 år sidan Årdal metallverk såg dagens lys. Difor vert møtet kalla «Årdal dei neste 75 år – kraft, industri og næring i samspel».
Jan Stian Smedegård i Årdal Energi Holding er sikker på at eit slikt nabomøte vil vera av interesse for folk i alle aldrar og samfunnsgrupper.
– Når me no skal utforske moglegheiter innan fornybar energi i Årdal og i regionen, så er det viktig at me byrjar i rett ende og involverer lokalbefolkninga så tidleg som mogleg. Her håpar eg at innbyggjarane vil kome med innspel, stilla spørsmål og møte representantar frå selskapa.
Bli kjent med oss
Det skal vera låg terskel for å møte opp i kulturhuset denne dagen.
– Det blir korte, men spennande presentasjonar – og så har me lagt opp til mest mogleg tid til mingling for at du kan bli betre kjend med oss og kome med innspel til arbeidet. Me håpar alle vil engasjere seg i dette som er ein viktig del av framtida til bygda, seier Smedegård.
Under møtet vert det enkel servering.
Tidlegare same ettermiddag vil Statnett leggje fram konseptvalutgreiing for Indre Sogn på eit ope møte.
Har du innspel eller spørsmål til oss? Då høyrer me gjerne frå deg. Du kan sende på e-post til einar.fannemel@hydro.com.
Les også: Har inngått samarbeid med Hydro Rein
Program
1800: Årdal kommune og Årdal Utvikling
Christian Sønstlien, Årdal kommune
Geir Hansen, Årdal Utvikling
1815: Hydro Årdal
Anveig Bjordal Halkjelsvik, fabrikkleiar Årdal Metallverk
1830: Årdal Energi og Hydro
Jan Stian Smedegård, Årdal Energi
Per Gullaksen, Hydro Energi
Trude Fjeldstad, Hydro Rein
1845: Spørsmål frå publikum
1900: Dialog og bli kjent med oss
Kontaktinformasjon for media og presse:
Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Energi Holding
Telefon: +47 480 31 258
E-post: janstian@ardal-energi.no
Are Indrelid, Årdal metallverk
Telefon: +47 901 49 845
E-post: are.indrelid@hydro.com