Me vil gjera verda litt reinare

Årdal Energi Produksjon

Vårt mål er å utvikle, byggje og drive fornybar kraftproduksjon. Fornybar energi er basert på ressursar som naturen sjølv fornyar, og utan bruk av fossile brennstoff. Fornybar energi har ingen eller svært låge klimagassutslepp, og auka bruk av fornybare kjelder er difor naudsynt om verda skal nå sine klimamål.

Sidan 1990 har me berre kutta om lag ni prosent av klimagassutsleppa våre, og framleis er halvparten av vår totale energibruk basert på fossile kjelder. Omstillingsmålet frå Hurdalsplattformen om eit utsleppskutt på minst 55 prosent verkar fjernt, men viser veg. Regjeringas ambisjon om å auke eksporten utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030 er også krevjande. Begge måla har til felles at det vil krevja mykje fornybar energi.

Me har mål om å byggje ut meir fornybar energi i vårt nærområde i samsvar med regjeringas ambisjon.

Om oss

Årdal Energi er eit konsern heileigd av Årdal kommune. Årdal Energi produksjon ser eit dotterselskap av Årdal Energi som vart etablert hausten 2023 og skal vera konsernet sitt dedikerte selskap på fornybar kraftproduksjon. Som ein del av konsernet sin strategi innan berekraftig utvikling skal Årdal Energi produksjon verta ein viktig aktør i utviklinga av det grøne skiftet, og bidra til ei meir berekraftig energiutvikling i vår region.

Ikkje berre Årdal…

Vårt hovudmål er å identifisere og greie ut prosjekt i vår eigen kommune, men også utanfor våre eigne kommunegrenser.

Vår strategi er å greie ut, investere og utvikle vasskraft og andre former for produksjon av fornybar energi i regionen Indre Sogn.

Årdal Energi Produksjon og grunneigarane i Nundalen har skrive under på ein avtale om kraftutbygging i Nundalselvi. I tillegg ser me på andre fornybare prosjekt som ikkje har vore sett på tidlegare.

Kontakt oss

Telefon: 990 09 524

E-post: arnt.erik.henjum@ardal-energi.no

Besøksadresse: Utladalsvegen 1, 6884 Øvre Årdal

Vasskraft

I Noreg kjem 99 prosent av all kraftproduksjon frå vasskraft. Vasskraft er ein fornybar og miljøvenleg energikjelde, og kan enklast forklarast med at me nyttar rennande vatn til produksjon av elektrisitet.

Småkraftanlegg utnyttar i hovudsak energien som renn i elvene og krafta er dermed lite regulerbar. I alle våre prosjekt vil me påstreba oss døgnregulering for å kunne produsere straum når det er behov for det i kraftsystemet.

Å utvikle, skape og eige energi lokalt, er fornuftig verdiskaping.

Overskotsvarme og fjernvarme

Eit biprodukt frå alle industriprosessar, frå aluminiumsproduksjon til kjøling av datasenter, er termisk energi, altså overskotsvarme.

Om ein først klarar å fanga overskotsvarme er det mykje som kan gjerast med den. Til dømes kan den sendast rett tilbake til industriprosessen eller brukast til oppvarming av nærliggjande bustadar i eit fjernvarmesystem.

Våre prosjekt innan fjernvarme vil nytte overskotsvarme frå industrien i Årdal.

Solkraft

På berre 40 minutt tek imot jorda nok energi frå sola til å halda oss gåande i eit heilt år. Det er forventa at framtidas tre viktigaste energikjelder kjem til å vera solkraft, vindkraft og vasskraft. Ein viktig faktor for verda som heilskap, er at det har blitt mykje billigare å byggja ut solkraft. Det siste tiåret har verdas solkraftkapasitet auka 27 gonger og Statkrafts «lågutsleppsscenario» spår at solkraft blir verdas viktigaste energikjelde innan 2035 og at det vil stå for 38 prosent av verdas kraftproduksjon innan 2050.

Solenergiprosjekt i vår region er framleis ulønsamt, men me vil arbeida med prosjekt som kan realiserast når marknaden tillèt det.

Me vil bidra med å tilretteleggje for nye arbeidsplassar og byggje ei bærekraftig framtid.