Organisasjon
Årdal Energi Holding AS er heileigd av Årdal kommune. Konsernet skal vera ein pådrivar for å sikra og utvikla fornybar energi og infrastruktur til innbyggjarar og næringsliv i Årdal, og dessutan vera kommunen sitt fagmiljø på dette. Saman med dotterselskapa skal Årdal Energi Holding vere ein attraktiv kompetanse-arbeidsplass i kommunen.
Våre dotterselskap:
Årdal Kraftlag kjøper og sel kraft for Årdal kommune. Selskapet tilbyr konkurransedyktig og rein kraft til innbyggjarane.
Straumnett har områdekonsesjon for å drifta og bygga straumforsyningsnett til alle forbrukarar i Årdal kommune.
Årdal Energi Produksjon vart etablert hausten 2023 og skal vera konsernet sitt dedikerte selskap på fornybar kraftproduksjon. Som ein del av konsernet sin strategi innan berekraftig utvikling skal produksjonsselskapet verta ein viktig aktør i utviklinga av det grøne skiftet, og bidra til ei meir berekraftig energiutvikling i vår region.
Årdalsnett er leverandør av fiber og TV til kundar i Årdal, Lærdal, Aurland og Vang. Årdal Energi. Selskapet har også eigarskap i Porten AS, Sogn kompetanse og Sitep.
Enduser er eit programvareselskap som vart stifta i 2023. Systemarkitektane i selskapet har mellom anna utvikla eit arbeidsverktøy retta mot internettleverandørar.
Sogn Miljøkraft er eit selskap i oppstartsfasen som jobbar for å utnytta spillvarmen frå industrien til ny energi.
Satsingar innan fornybar energi:
Seimsdal Kraft vart starta opp i 2011 og har ein gjennomsnittleg produksjon på 18 GWh/år. ÅEH eig 34 prosent av aksjane i selskapet.
Offerdal Kraftverk har fått konsesjon og har planar om utbygging av to kraftverk i Indre Offerdal. ÅEH eig 10 prosent av aksjane.
Bluetec Vest sel og monterer solcellepanel. Selskapet har hatt ei stor utvikling i det siste, og det er venta ein stor auke i framtida. ÅEH er inne på eigarsida med 21,4 prosent av aksjane.
Nundalen kraftverk er eit planlagt vasskraftverk i Nundalen. Årdal Energi Produksjon og grunneigarane i Nundalen har skrive under på ein avtale om kraftutbygging i Nundalselvi.
Frønningen kraftverk er eit planlagt vasskraftverk på Frønningen i Lærdal kommune. Årdal Energi Produksjon og grunneigar på Frønningen har skrive under på ein avtale om kraftutbygging.
Hydro Rein og Årdal Energi har skrive under på ein samarbeidsavtale om utvikling av fornybare prosjekt i Årdal.