Kraftutbygging med lokalt eigarskap i Nundalen

Årdal Energi Produksjon og grunneigarane i Nundalen har skrive under på ein avtale om kraftutbygging i Nundalselvi.

Arnt Erik Henjum, prosjektutviklar i Årdal Energi Produksjon.

– Føremålet er å leggje til rette for eit best mogleg samarbeid mellom grunneigarar og energiverket. Dette er eit spennande, men også krevjande prosjekt med tanke på kulturhistoria i dalen som har stått folketom i over 60 år, seier Arnt Erik Henjum, prosjektutviklar i Årdal Energi Produksjon.

Ei kulturperle

Nundalen er ein del av Årdal si kulturhistorie og fortel om naturhushald, strevsamt landbruk og tida før industrialiseringa.

– Ei eventuell utbygging av vassdraget vil leggja vekt på å bevare Nundalen som den kulturperla den er, og difor vil dette prosjektet leggja til rette for at dalen kan verta endå meir besøkt i framtida. Det er mellom anna eit mål for prosjektet å bidra med årleg tilskot til eige fond for bevaring av kulturminna, seier Henjum.

NVE ventar ein betydeleg vekst i kraftforbruket fram mot 2028, og peikar på etablering av ny næringsverksemd og klimapolitikk, der elektrifisering skal erstatte fossil energibruk, som grunnar til dette.

Ordførar Christian Sønstlien (Ap) tykkjer initiativet frå Årdal Energi Produksjon er spennande.

– Skal ein lukkast med det grøne skiftet, må ein få redusert gapet mellom etterspurnad og tilgjengeleg kraft i framtida. Frå vår side er det heilt klart føretrekt at Årdal kommune sine naturressursar skal forvaltast i samspel med lokalt initiativ.

– Ei eventuell utbygging av Nundalselvi, med lokalt eigarskap, vil ha stor verdi for kommunen i form av skattar og avgifter, og indirekte eigarskap i selskapet. Eg ser fram til at kommunen og kommunestyret får meir informasjon om prosjektet, og eg vil sjølvsagt leggja til rette for ei open og god handsaming av eventuelle søknadar, seier han.

Ikkje første gong

Årdal Energi Produksjon, i tett samarbeid med grunneigarane, vil no arbeide fram ein konsesjonssøknad for utbygginga. Det skal fattast vedtak om å sende søknaden til NVE i løpet av dei neste 12 månadane.

Det blir i så fall ikkje første gong Nundalselvi har vorte konsesjonshandsama. I mai 2015 søkte ein aktør om å utnytte vassfallet i Nundalselvi. NVE gav den gongen løyve til å byggje ut Nundalselvi kraftverk, men vedtaket vart seinare påklaga, mellom anna av Årdal kommune. Olje og energidepartementet tok klagane til følgje og NVE sitt vedtak blei omgjort til avslag.

Arnt Erik Henjum erkjenner utfordringane med vasskraftutbygging, men han er også klar på at nye kraftprosjekt kan utviklast på lag med natur og lokalsamfunn.

– Me ønskjer å gjennomføra utbygging så skånsamt som mogleg, mellom anna med retningsstyrt boring i fjell, og avbøtande tiltak skal vektleggjast i prosjektet. Me ser på dette som eit godt prosjekt og håpar at me kan lukkast gjennom opne og gode prosessar i arbeidet framover.

Meir tilgjengeleg

Vidar Moen, leiar for Nundalen Miljøstifelse, legg ikkje skjul på at han alltid har vore skeptisk til vasskraftutbygging i Nundalen, men ser også at prosjektet har positive ringverknadar.

– Me er skeptiske til utbygging fordi det vil gå ut over naturen uansett kor skånsamt det blir gjort. Dalen er på ein måte eit tidsbilete på korleis tida var i Årdal før utbygginga av den moderne industrien, dette har også ein særskilt verdi som ein ikkje får att om den vert øydelagd. Dette ein vanskeleg balansegang og ein føler sjølvsagt på det.

– Det førre prosjektet gjekk mest ut på kva ein kunne hente ut av dalen og ikkje kva ei utbygging kunne bidra med. Denne gongen har me ein langt betre dialog, det vert teke meir omsyn til naturinngrepa og me har i intensjonsavtalen fått med at det skal opprettast eit fond som skal bidra til å vareta og utvikle kulturminna.

Moen strekar under at Nundalen skal vera ei oppleving å besøkje, og eit slikt fond vil bidra til dette.

– Det er viktig at me klarar å sikre bygg for at opplevinga skal vere positiv. Faste inntekter til desse føremåla vil gjere at me kan få progresjon i arbeidet. Saman kan me gjera Nundalen meir tilgjengeleg for allmenta, og området kan få ei skikkeleg oppblomstring.

Fleire moglegheiter

Henjum legg til at dei også jobbar med andre alternativ, mellom anna ved å kunne utnytte vassdraga i både Nundalen og Seimsdalen.

– I Nundalen åleine er det potensial til å kunne produsere 25 GWh. Dette er om lag 9 GWh meir enn søknaden som vart godkjend av NVE i 2015. Det andre alternativet, der ein altså inkluderer Seimsdalen, er eit større prosjekt og kan produsere opp mot 60 GWh. Då er det ein litt større prosess i vente.

– Me jobbar vidare med begge alternativa. I tillegg ser me på andre fornybare prosjekt som ikkje har vore sett på tidlegare, seier han.

 

Om Årdal Energi Produksjon

Årdal Energi er eit konsern heileigd av Årdal Kommune. Årdal Energi Produksjon er eit dotterselskap av Årdal Energi som vart etablert hausten 2023 og skal vera konsernet sitt dedikerte selskap på fornybar kraftproduksjon. Som ein del av konsernet sin strategi innan berekraftig utvikling skal Årdal Energi Produksjon verta ein viktig aktør i utviklinga av det grøne skiftet, og bidra til ei meir berekraftig energiutvikling i vår region.

Kontaktpersonar

For Årdal Energi Produksjon

Arnt Erik Henjum, prosjektutviklar, mob: 990 09 524, epost: arnt.erik.henjum@ardal-energi.no

Forrige
Forrige

Invitasjon til nabomøte om industriutvikling og kraft 

Neste
Neste

Har inngått samarbeid med Hydro Rein