Nytt kraftprosjekt i Ofredalen
Årdal Energi Produksjon vil byggja småkraftverk i Ofredalen.
Årdal Energi Produksjon har gjort avtalar med grunneigarane i Ofredalen om bygging av eit nytt småkraftverk.
– For ikkje lenge sidan sleppte me nyhenda om at me ønskjer å byggja ut vasskrafta i Nundalselvi. No presenterer me nok eit prosjekt me har stor tru på. Til liks med Nundal-prosjektet har me i lengre tid hatt samtalar med grunneigarar i Ofredalen, og har no vorte einige om ein avtale om bygging av Åsete Kraftverk, seier Arnt Erik Henjum, prosjektutviklar i Årdal Energi Produksjon.
Tidleg fase
Kraftverket er planlagt øvst i Ofredalselvi med inntak og kraftstasjon mellom Nystølen og Åsete gard, 718 moh. Det vil seia høgare oppe i dalen enn Sognekraft sitt prosjekt, Offerdal kraftverk. Prosjektet vil bli bygd med røyrgate i grunn og kan potensielt gje ein årleg produksjon på 24,5 gigawattimar. Det har ein estimert byggjekostnad på 90 millionar og vil gje straum til om lag 1300 husstandar.
– Me er framleis i tidleg fase, men me har lyst å orientera om det. Miljøkartlegginga er gjennomført og konsesjonssøknaden er snart ferdig utarbeida. Me er samde om prinsippa og korleis dette skal gjennomførast, og det er fint å ha med seg grunneigarane på det.
– Konsesjonssøknaden skal etter planen sendast inn i løpet av 2024. Behandlingstid av konsesjonssøknad er usikker. Det kan til tider vere lange køar blant NVE sine sakshandsamarar. Når behandlinga startar, vil det normalt ta 12 månadar til endeleg vedtak.
Fordel med lokalt eigarskap
Årdal Energi Produksjon vil med dette ha to vasskraftprosjekt på trappene som til saman kan gje ein årleg produksjon på 48 gigawattimar, og til ein samla prislapp på om lag 206 millionar.
– Dette er gode prosjekt som vil bli finansiert med eigenkapital og låneopptak. Med lokalt eigarskap vil desse prosjekta på sikt også gje gode inntekter til kommunen i form av skattar og avgifter.
Henjum legg til at Årdal Energi Produksjon sitt mål er å leggja til rette for industrien og næringslivet i Årdal som har varsla eit auka kraftbehov i framtida.
– Som ein del av konsernet sin strategi innan berekraftig utvikling skal Årdal Energi Produksjon verta ein viktig aktør i utviklinga av det grøne skiftet, og bidra til ei meir berekraftig energiutvikling i vår region.
Fun fact
Visste du at det er registrert 2914 bueiningar i Årdal kommune? Det viser tal frå Statisk sentralbyrå. Årdal Energi Produksjon kan med sine nye vasskraftprosjekt gje straum til 2400 husstandar eller 82 prosent av alle husstandane i Årdal kommune.
Kontaktpersonar
Arnt Erik Henjum, prosjektutviklar, mob: 990 09 524, e-post: arnt.erik.henjum@ardal-energi.no