Vil byggja kraftverk på Frønningen

Vilhelm Rumohr og Arnt Erik Henjum.

Vilhelm Rumohr og Arnt Erik Henjum har skrive under på ein intensjonsavtale om å byggja småkraftverk på Frønningen.

Årdal Energi Produksjon ser utanfor eigne kommunegrenser når dei no planlegg eit nytt og spennande vasskraftprosjekt på Frønningen i Lærdal kommune.

– Me såg med ein gong kor spennande dette prosjektet var, seier Arnt Erik Henjum, prosjektutviklar i Årdal Energi Produksjon.
– Då me leita etter nye vasskraftprosjekt i eigen kommune, innsåg me raskt at me òg måtte vurdera moglegheiter utanfor kommunegrensene.

Det var Årdal Energi Produksjon som tok initiativet og kontakta Vilhelm Rumohr, grunneigar på Frønningen. Rumohr har lenge hatt planar om å utnytta kraftressursane i området.
– Å byggja kraftverk her er ikkje noko ny tanke. Sidan 1997 har eg jobba med ulike planar, frå modernisering av det gamle kraftverket frå 1916 til meir omfattande prosjekt. Det siste la eg på is i 2015, seier Rumohr.

Fallrettsavtale
No har partane inngått ein fallrettsavtale for bygging av to småkraftverk, med ein estimert årleg produksjon på over 25 gigawattimar – nok til å forsyne om lag 1250 husstandar med straum.
– Prosessen har vore ryddig og konstruktiv, og eg ser fram til eit godt samarbeid vidare, seier Arnt Erik Henjum.

Vilhelm Rumohr skriv under på avtalen med Årdal Energi Produksjon.

Vilhelm Rumohr deler entusiasmen og forklarer valet av samarbeidspartnar:
– Eg fekk eit godt inntrykk av Årdal Energi Produksjon. Dei verka som trivelege folk, og avtaleverket var både ryddig og realistisk. Eg tok ein runde med andre aktørar for å samanlikna, men med justeringane som vart gjort, kom Årdal Energi Produksjon klart best ut.

Miljøvenleg ressursutnytting
Prosjektet byggjer på inntak ved ein eksisterande tømmerdam, noko som både reduserer behovet for nye inngrep og gir fleksibilitet i kraftproduksjonen.
– Å kunne regulera produksjonen etter behov i marknaden har ein stor verdi. Dette gjer prosjektet både økonomisk berekraftig og gir ein god samfunnsnytte, seier Henjum.

Rumohr ser òg økonomiske fordelar ved utbygginga.
– Kraftverket vil gje meg handlingsrom til å prioritera meir på drift og vedlikehald. Eg kan òg setja i gang andre planar, som investeringar i turisme, seier han.

Prosjektet byggjer på inntak ved eksisterande tømmerdam på Frønningen. (Foto: Arnt Erik Henjum)

Grundige planar
Henjum understrekar at slike prosjekt tek tid.
– Me må gjennomføra ei miljøkartlegging til våren og detaljplanleggja trasear før konsesjonssøknaden er ferdig, truleg sommaren 2025. Det er viktig å skunda seg langsamt for at den endelege utbygginga skal stå fram på best mogleg vis, seier han.

Samarbeidet med Rumohr vil vera ein viktig del av prosessen.
– Han kjenner området best, og me får god hjelp til detaljplanlegginga, seier Henjum.

Arnt Erik Henjum og Vilhelm Rumohr går spennande tider i møte med kraftutbygging på Frønningen.

Viktig aktør
Med dette prosjektet, i tillegg til planane i Nundalen og Ofredalen, styrkar Årdal Energi Produksjon posisjonen som ein viktig aktør for fornybar energi i Indre Sogn.

Kontaktinformasjon for presse:

Arnt Erik Henjum, prosjektutviklar Årdal Energi Produksjon

Epost: arnt.erik.henjum@ardal-energi.no

Telefon: 990 09 524

Vilhelm Rumohr, grunneigar

Epost: fronningen.skog@gmail.com

Telefon: 411 01 300

Forrige
Forrige

Fem damer og fem tiår – sterke kvinner i Årdal Energi

Neste
Neste

Nytt kraftprosjekt i Ofredalen