Nytt selskap med store mål
– Me skal forenkla kvardagen for både selskap og tilsette.
Det seier Thomas Norheim Moen, dagleg leiar i det nystarta programvareselskapet EndUser.
– Målet er å byggja opp eit kompetansemiljø og bidra til ei berekraftig digitalisering.
Norheim Moen, som også er sjef i Årdalsnett, er dermed dagleg leiar i to selskap i huset som held til i Utladalsvegen 1 i Øvre Årdal.
Det heile starta i 2017 då Årdalsnett starta eit forsking- og utviklingsarbeid. Årdalsnett sine systemarkitektar jobba då med å laga ei programvare for å betra måten selskapet kommuniserte og jobba i kvardagen. I 2019 blei INA introdusert, eit arbeidsverktøy for alle tilsette. Rykta om det gode verktøyet spreidde seg i bransjen og fleire selskap kom på bana og ønskte dei same løysingane.
- Soleis fann me ut at me ville satsa på utvikling av programvare og byggja produkt som uavhengige, seier Norheim Moen.
Årdalsnett skilde ut systemarkitektane sine og stifta formelt EndUser. Hjernane bak er Kristoffer Klingenberg og Kjetil Moen Hunshammer. Selskapet er i dag heileigd av Årdal Energi Holding, som også er største aksjonær i Årdalsnett.
- Dette er ein del av vår strategi der me, saman med dotterselskapa våre, skal vera ein attraktiv kompetansearbeidsplass i kommunen. Me har stor tru på Enduser og ser eit enormt potensial. Dette er ein forlenging av det gode arbeidet som er lagt ned i Årdalsnett gjennom fleire år. Ved å skilja ut systemarkitektane i eige selskap kan ein nå fleire kundar med programvarer som blir utvikla her på huset, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Energi.
EndUser har allereie fleire kundar på blokka. Årdalsnett, Årdal Kraftlag og Straumnett AS, er følgeleg nokre av desse, men også selskap på Austlandet og Trøndelag. Ein milepæl framover blir å sikra seg nye kundar.
– INA er verktøyet vårt. Me tilbyr her eit kvalitetsprodukt som dekkjer kunden sitt behov på meir enn eitt område. Saman skapar me eit program som dannar synergiar gjennom å samle alle tenester på ein stad. Tenesta skal kunne vekse saman med kunden og skal letta arbeidskvardagen med innovative og kreative løysingar, seier Norheim Moen.
– Tenesta samlar all selskapsdata i eitt verktøy og gir full kontroll over føretaket. Me har laga ein plattform med modular som kan nyttast i fleire bransjar, men så langt har me spesialisert oss mot internettleverandørar, seier Kristoffer Klingenberg.
I Årdalsnett har dei tilsette brukt verktøyet sidan den spede starten og vore med på utviklinga fram til i dag. Kristian Heggestad, teknisk ansvarleg i Årdalsnett, har berre lovord å seia om programvara EndUser har bygd opp.
– Med denne programvara får du ei totaloversikt, både på det tekniske og økonomiske, som lettar arbeidskvardagen din. Det er eit elektronisk verktøy, men også eit arkiv, ein database og så mykje meir. Samstundes har det potensial å kunne hjelpe veldig mange føretak, seier han.
Kjetil Moen Hunshammer seier dei har nok å henga fingrane i om dagen, og legg ikkje skjul på at det er spennande tider i vente.
– Me er svært motiverte for at me skal lukkast med satsinga.