Nye fjes på huset: - Me har landa to sterke kandidatar

Årdal Energi Holding er glade for å melde at me har tilsett ny nettsjef i Straumnett AS og ny prosjektutviklar i Årdal Energi Produksjon.

To sterke kandidatar

Den nye nettsjefen i Straumnett heiter Bjarte Kapstad (50) og kjem frå Bygstad. Bjarte er sivilingeniør og har tidlegare jobba i Sunnfjord Energi, Statkraft og BKK. Bjarte tek til i stillinga frå 1. desember.

Bjarte Kapstad tek over som ny nettsjef i Straumnett AS.

Til det nyoppstarta selskapet vårt, Årdal Energi Produksjon, kjem Arnt Erik Henjum (51) inn som ny prosjektutviklar. Arnt Erik har dei siste 16 åra hatt ulike roller og stillingar i Norsun. Han startar i sin nye jobb 1. februar i 2024.

– Me er svært nøgde med å ha fått på plass to sterke kandidatar som vil vera med å styrkja laget vårt. Me hadde fleire gode søkjarar til stillingane som var utlyst. No gler me oss til at Bjarte og Arnt Erik skal ta del i den vidare satsinga og den gode atmosfæren på huset, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i morselskapet Årdal Energi Holding.

Arnt Erik Henjum vert ny prosjektutviklar i Årdal Energi Produksjon. (Foto: Morten Sortland)

Mykje kompetanse

Bjarte tek over som nettsjef etter Edvard Holsæter som går over i ny rolle i konsernet.

– Me fekk eit veldig godt inntrykk av Bjarte under intervjurunden. Han tek med seg solid erfaring frå energibransjen som Straumnett vil nyta godt av. Samstundes er me veldig glade for at me har med oss Edvard vidare. Han har over 45 år bak seg i Årdal Energi, og soleis får Bjarte ei veldig god innføring og overlapping når han tek til i jobben.

For Arnt Erik blir det veldig spennande å koma til eit nystarta selskap.

– Her søkte me etter ein person som kunne utvikla og driva fram prosjekta våre innan fornybar energi. Arnt Erik har dei kvalitetane me er ute etter, og me er trygge på at han er rett person til å ta denne satsinga vidare, seier Smedegård.

Forrige
Forrige

Har inngått samarbeid med Hydro Rein

Neste
Neste

Årdal Energi kjøper seg inn i Norsun